|
|
Historien Følgende utdrag fra en tale vil gi et innblikk i
hvilken spesiell og spennende historie Rjukan og Tinn har. Talen ble holdt
av daværende ordfører Olav Ulleren ved kongeparets offisielle besøk på
Rjukan i 1996 og er gjengitt med Ullerens tillatelse : Rjukan vart, ved hjelp av elementa luft, vatn og menneskeleg framsyn og mot eit av midtpunkta i framveksten av den nye industri- og velferdstaten. Historia etter dette er fylt av dynamikk, dramatikk og viktige enkelthendingar. Det er historia om eit samfunn i rivande utvikling, økonomisk og sosialt, om samhald og styrke, heltar i skibakkar og i kamp mot okkupasjonsmakta. Men det er og historia om konfliktar, på tvers av kulturelle og sosiale skiljer, om stagnasjon og fråflytting, og om ei befolkning som til tider har kjent seg svikta av storsamfunnet. Når kongeparet denne augustdagen 87 år etter opninga av Rjukanbanen legg turen til den nordlegaste kommunen i Telemark og byen under Gaustatoppen, er det til eit samfunn som har lært seg til å ta omstillingar som ei utfordring og som innser at framgong og trivsel fyrst og fremst er avhengig av eigen innsats og lokal mobilisering. Naturen og historia har lært oss å takle motbakkar, samstundes som vi er bevisst på at de verdiane våre narurressursar og vår historie har hatt og har for samfunnsutviklinga, i rimeleg grad må godtgjerast, slik at også vi her i innlandet kan bli buande og ta våre tak for felles utvikling. Vi vil vise at vi brukar vår kultur, historie og natur som virkemiddel til å møte morgondagen, at industri- og handverkstradisjonen gjev grunnlag for nye og framtidsretta bedriftar, at naturen - også med ein tørrlagt Rjukanfoss skaper både trivsel og verdiar gjennom kraft og reiseliv og at landbruket held seg livskraftig i ein kombinasjon av tradisjon og moderne virkemiddel.”
|